Det er områda Stad til Hustadvika og Stad til Nordhordland som må redusere produksjonskapasiteten med 6 prosent.

– Vi driv lovleg og forsvarleg og held oss innanfor alle reglar, inkludert luseforskrifta. At forsvarleg drift samtidig ikkje blir rekna som forsvarleg og må reduserast, meiner vi er veldig gale og ein trussel mot rettstryggleiken. Eg meiner heilt klart at dette burde regulerast på dei enkeltlokalitetane som ikkje overheld reglane. I staden får vi ei kollektiv avstraffing som vi reagerer sterkt på, seier Braanaas til Dagens Næringsliv (DN).

Trafikklyssystemet frå Nærings- og fiskeridepartementet er basert på naturfaglege råd, og skal sørgje for føreseieleg og berekraftig vekst i havbruksnæringa. Det er korleis lakselusa påverkar villaksen i området som er grunnlaget for om oppdrettarane i området får lov til å vekse, eller om dei må redusere produksjonskapasiteten.

Også Sjømat Norge og Sjømatbedriftene har reagert på framlegget frå Nærings- og fiskeridepartementet.