I ei pressemelding onsdag skriv oppdrettsgigant Ola Braanaas at han og familien flyttar til Bø i Vesterålen.

Braanas skriv at dei nye reglane for verdifastsetting av oppdrettsløyve, som er foreslått i statsbudsjettet, vil medføre ein eksplosiv auke i papirverdien av familieeigde, lokale selskap.

– Over natta er eg og det lokale eigarskapet vorte ein stor byrde for selskapet, arbeidsplassane og verdiskapinga lokalt i Gulen. Derfor vel eg å flytte meg sjølv og familien min til Bø i Vesterålen, ein region der me har røter frå før, og der me sparer skatt, heiter det vidare.

Firda kjem tilbake med meir.