Gå til sidens hovedinnhold

Einige om å forby aggressiv marknadsføring av forbrukslån

Artikkelen er over 3 år gammel

NTB: Alle partia på Stortinget vil snarast forby aggressiv marknadsføring av forbrukslån, men seier førebels nei til eit rentetak på dei ofte svært dyre smålåna.

Allereie i haust må regjeringa komme med eit forslag som strammar kraftig inn på marknadsføringa av forbrukslån. Den aggressive marknadsføringa skal bli forbode, fastslår ein samla finanskomité på Stortinget, der alle parti er representert.

Finanskomiteen påpeikar at forbrukslån har hatt dobbelt så stor vekst som andre typar lån den siste tida.

Det er ingen tvil om at forbrukslåna er kostbare. Forbrukslån utgjer framleis berre rundt 3 prosent av den samla gjelda til norske hushald, men står for 12 prosent av renteutgiftene.

Les også

Grunneigaren som er god for nesten heile Nordic Minings børsverdi

 

Sårbare grupper

I tillegg er det ei kjensgjerning at grupper som ofte er økonomisk sårbare i utgangspunktet, som for eksempel unge og aleineforeldre, har betydeleg overrepresentasjon blant dei som får trøbbel med å betale tilbake dei høgt prisa låna.

I innstillinga som finanskomiteen la fram tysdag, heiter det blant anna:

«Komiteen har lagt merke til at ulike typar forbrukslåneprodukt blir marknadsført stadig meir målretta og aggressivt».

Les også

Den nye kommunen kan sitte på ei gjeldsbombe: Vil ha tre milliardar kroner i lånegjeld i 2021.

Ikkje rentetak

Finansminister Siv Jensen (Frp) opna tidlegare i år døra for å vurdere rentetak på kortsiktige forbrukslån. Ho understreka derimot at eit forbod først blir aktuelt dersom andre tiltak ikkje har den ønska effekten.

Arbeidarpartiet, Sp og SV bad i fjor regjeringa om å greie ut eit rentetak på forbrukslån, men no sørgjer Ap for fleirtalet for regjeringspartia Høgre, Frp og Venstre si «vent og sjå»-linje.

Dei viser til at Finanstilsynet har skjerpa krava til soliditeten til forbrukslånsbankane og at endringar i finansforetakslova frå neste år vil gjere det dyrare for forbrukslånsbankane å vere omfatta av innskotsgarantien.

Mindretalet ved KrF, Sp, SV, MDG og Raudt viser til at ei rekke land i verda har innført eit øvre rentetak på lån og kreditt. Sverige og Finland er blant 14 EU-land som har tydd til dette tiltaket. I tillegg har organisasjonar som Forbrukarrådet, Huseiernes Landsforbund og Gjeldsofferalliansen tatt til orde for å innføre rentetak i Noreg, oppgir desse partia.

Les også

Henriette (37) begynte å grine då ho såg rekneskapen til kafeen sin. No tar ho sin første ferie på åtte år

 

Kommentarer til denne saken