Tredobla resultatet, men er framleis ikkje nøgd

GODE TAL: Åresultatet for Firda Seafood Group er tredobla, men eigar Ola Braanaas skulle ønske det var betre.

GODE TAL: Åresultatet for Firda Seafood Group er tredobla, men eigar Ola Braanaas skulle ønske det var betre. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HAVBRUK: Ola Braanaas og Firda Seafood Group gjekk 256 millionar kroner i overskot i fjor.

DEL

– Vi er ikkje heilt fornøgd med fjoråret, seier laks- og aureoppdrettar Ola Braanaas (55) til Dagens Næringsliv.

Dette er trass i at hans heileigde oppdrettskonsern, Firda Seafood Group, fekk eit årsresultat på over 256 millionar kroner etter skatt. Resultatet er meir enn ei tredoblinga av talet frå 2015 som då låg på cirka 77 millionar kroner.

– Kunne gjort det betre

– I kroner og ører er resultatet heilt fantastisk, men vi ser at vi kunne ha gjort det mykje betre, seier Braanaas om resultatet.

Han er sjølv styrar av bedrifta, samt at han er einaste aksjonær i selskapet O. Braanaas som eig Firda Seafood Group.

Det vert ikkje betalt ut noko utbytte frå overskotet og over 250 millionar kroner blir difor overført til eigenkapital. Den ligg no på meir enn ein halv milliard kroner for konsernet som heilskap.

Sjølv om han er nøgd med effektivitetsforbetringane til bedrifta, der dei har sett ein produksjonsvekst på 24 prosent, seier han til DN at han er bekymra for styresmaktene si innblanding i næringa.

Bekymra for framtida

– Eg er veldig bekymra for kostnadsauke i næringa. Særleg kostnadane knytt til nedkjemping av lus har auka kraftig dei siste åra, seier Braanaas og understrekar at dette er mykje på grunn av krav frå styresmaktene.

Vidare er han òg bekymra for at bedrifter og personar som blei råka av nedgangen i oljeindustrien, no skal prøve seg på havbruksmarknaden. Han meiner dette vil ha negative konsekvensar for konkurransekrafta i næringa.

– Vi merkar veldig pågang frå oljerelatert verksemd som ønsker å innføre prosedyrar og teknologi frå oljenæringa i oppdrettsbransjen. Dei driv lobbyverksemd for å få innført liknande sertifiseringsordningar for skip og utstyr som vi har sett i oljenæringa. Dette er fordyrande tiltak som gjev oss oppdrettarar veldig lite tilbake, forklarar Braanaas til DN.

Foto:

Artikkeltags