Verda er heile tida i endring; for å forstå endringar treng ein innsyn i ulike faktorar som påverkar og styrer det som skjer. Eg vil trekkje fram nokre moment som vil vere nyttige for å få eit visst oversyn over utviklinga i Ukraina. Nokre er knytte til tilstandar og endringar langt attende i tid, andre til vår samtid. Ukraina har vore del av mange rike gjennom historia. Og mange slags folk har butt og bur der. Saman med andre. Det vanlege er at små folk vert dominerte av større og oftast sterkare folk.

Omkring 900 skipa Harald Hårfagre eit kongedøme for seg og si slekt i store deler av Noreg. Der var motsetnader og endåtil periodar med borgarkrigar. I Danmark var der meir folk, og danskekongen fekk kontroll med Noreg frå 1450. I 1814 reiv Noreg seg laust frå Danmark, vedtok sjølvstyre og laga grunnlov.

Ein kort krig med Sverige følgde, og Noreg måtte akseptere ein personalunion; den svenske kongen var også konge over Noreg. Men Noreg laga sine eigne lover. På 1890-talet vart det eit stridsspørsmål om kva innverknad Noreg skulle ha på utanrikspolitikken. Noreg kravde likestilling. Situasjonen kvesste seg til. Stortinget vedtok å seie opp unionen. Det vart skipa den første folkerøystinga i Noreg. Valet var enkelt; ja eller nei til unionsoppløysinga. Valdeltakinga var på over 85 %. 368 208 av dei frammøtte røysta ja. 184 røysta nei. Det svarar til ein oppslutnad på 99,95 % til ja, ein solid verdsrekord til denne dag.

Svenske og norske vikingar oppretta på 800-talet byen Kiev og Kievriket. For vikingane var elvane handelsvegen til Miklagard, den store byen, no Konstantinopel. Mongolske etterkomarar etter Djengis Khan, «Den gylne horde» styrte Sør- Russland og Ukraina 1240–1540. Tartarane er eit tyrkisk folk. Krimtatarane hadde eit eige styre, eit khanat, som styrte frå 1441 til 1783. Dei var muslimar. I 1783 erobra Russland Krim. I 1944 gav Stalin ordre om deportasjon av alle krimtartarar til Sentral- Asia, fordi dei skulle ha samarbeidd med tyskarane. Frå 1967 fekk dei lov å flytte heim til Krim att. No bur 250 000 tartarar på Krim.

Moskva bygde eit russisk rike frå 1500-talet. Dette riket ekspanderte, slo «Den gylne horde» og tok mellom anna kontroll med Ukraina ut over 1800-talet. Russland tapte første verdskrigen 1914 – 1918. Den første sosialistiske revolusjonen starta i Russland i 1917. I 1922 var Ukraina ein av fire republikkar som var med på å skape Sovjetunionen. På fem år vart Sovjetunionen stabilisert med 15 sosialistrepublikkar.

Ukraina har alltid vore ein delt nasjon. Ulike bitar har høyrt til ulike naboar. Det nordvestlege og sentrale Ukraina var ein gang ein del av «Det austerrikske- ungarske imperiet». Desse områda har alltid vendt seg vestover til Europa. I 1772, 1793 og 1795 vart Polen delt. Prøyssen, Austerrike og Russland forsynte seg. Polen oppstod att etter første verdskrigen, i 1918. Søraustlege Ukrainavar lenge ein del av det russiske imperiet, og har alltid vendt seg aust mot Russland.

Historisk har Vest-Ukraina stemt på presidentkandidatar med europeisk orientert politikk, og Øst-Ukraina har stemt på presidentar med russisk-orientert politikk. Slik er bakgrunnen for at den nasjonale drag nkampen no risikerer å rive landet i to. Tyskarar hadde flytt og busett seg austover i fleire hundre år. Tyskland angreip Sovjetunionen juni 1941, men tapte. Det førte til at tyskætta innbyggjarar med røter i aust fleire hundre år attende i tid rømde.

Hitler skulle fylle områda frå Tyskland til Uralfjella med germanarar. For rasisten Hitler var germanarane den fremste rasen og hadde i kraft av sin styrke rett til å skaffe seg areal dei trengde for å vekse, Lebensraum. Resultatet vart langt frå Hitler sitt mål. Med det tyske nederlaget rømde i staden12 millionar «germanarar» ut av desse områda. På slutten av krigen vart områda i aust reinska for germanarar. Sigerherrane skriv historia! Få historieskrivarar har nemnt desse 12 millionane.

Sovjetunionen var den store sigraren i andre verdskrigen og ordna Aust-Europa etter sine interesser. Sovjet tok område frå Polen, og desse områda vart lagde til Ukraina. Polen fekk betalt for tapet ved at dei fekk område frå Tyskland. 2. verdskrigen og utviklings etter krigen er eit kapittel for seg.

Men då Sovjetunionen vart oppløyst i 1991, opna det for spørsmålet om kvar Ukraina skulle orientere seg, mot aust eller vest.

Kva statar som finst og kva område dei kontrollerer varierer. Det vanlege er at det i ein stat bur folk med ulike morsmål. Ofte dominerer eitt folk, og deira språk vert mest brukt. Ukraina har nest størst areal i Europa, etter Russland. Med folketal på 44 millionar. Og nokre millionar ukrainarar bur utanfor Ukraina. For minoritetar er det viktig at staten gjev språket deira gode kår. I noverande Ukraina dominerer ukrainsk. I aust brukar store område russisk som hovudspråk.

Andre minoritetsspråk er kviterussisk, rumensk, bulgarsk, ungarsk, tartarisk og polsk. I nokre område som no ligg i Ukraina, men før høyrde til Ungarn, er fleirtalet ungarar. Ein del ungararar der arbeider for å få ei grensejustering. Dei vil heim til Ungarn. I 2017 vedtok Ukraina ny språklov. Frå femte klasse skal berre ukrainsk nyttast. Ukraina kunne ha valt å leggje opp til eit best mogeleg tilhøve til Russland og til eigen russisk befolkning. Men no skulle alle verte ukrainarar. Språklova gav signal om konfrontasjon og undertrykking av minoritetsfolk i Ukraina.

Dette svært korte oversynet tek eg med for å minne om at Ukraina, som andre, har ein mangesidig arv. Russisk står sterkast i aust, og for mange er retten til å bruke russisk språk viktig. Krigen no vil påverke mange sider av framtida for folk og samfunn i Ukraina. Utviklinga i Ukraina kjennest meir uviss enn på lenge. Historia har vore mangesidig, og eg tenkjer at det vil også framtida verte.

Den som vil skaffe seg oversyn over kva som hende i Ukraina og land omkring opp gjennom historia, møter ei stor, og interessant, oppgåve. Eg tek med eit utval som eg vurderer vil gjere det lettare å forstå konfliktlinjer og hendingar i vår tid.

Fredsprisvinnaren Fridtjof Nansen