Ein utanlandsk sjåfør vart nøydd til å fjerne alle sikthindrande gjenstandar i frontruta då kontrollørane til Statens vegvesen vinka han inn på Håbakken kontrollstasjon i Lærdal.
Beskjeden om i innrette seg etter regelverket var ekstra streng her, ettersom kontrollørane oppdaga at sjåføren hadde blitt stoppa i bergen dagen før – der han hadde fått same påpeikinga.
I Lærdal fekk han ikkje køyre vidare før gjenstandane var fjerna.
Fleire gebyr
Kontrollen vart gjort på kvelden. Totalt var 164 køyretøy innom kontrollstaden, og ti vart kontrollert i vidare kontroll.
I tillegg til sjåføren med frontrute-rotet, måtte ein overlasta tankbil laste av til den hadde lovleg vekt. Firmaet vart gitt eit gebyr på 2450 kroner.
Ein sjåfør måtte også punge ut. Han fekk 1500 kroner i gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte.
For dårleg sikra
Eit vogntog måtte også laste om, grunna overvekt. Her vart det også påpeika at lasta måtte sikrast betre før sjåføren fekk køyre vidare.
I kontrollen vart det også gitt ut ein teknisk mangel grunna ei frontrute med sprekk. Ein lastebilsjåfør måtte også omplassere skiltet på bilen, grunna at dette var feilplassert.

Lastebilsjåfør vart stoppa med heimesnikra kaffibord: – Ikkje sett før
