«Ymsedamene» sel som varmt kveitebrød

FERSKT KVEITEBRØD: «Er det noen steder i Bergen jeg kan få kjøpt kalenderen,» er det nokon som spør på facebook. Det kan dei gjere på Galleriet – viss ikkje den er utseld.

FERSKT KVEITEBRØD: «Er det noen steder i Bergen jeg kan få kjøpt kalenderen,» er det nokon som spør på facebook. Det kan dei gjere på Galleriet – viss ikkje den er utseld. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

KUNST: – Vi får bestillingar frå heile landet. Det er veldig gledeleg at han får oppleve det, seier Jorunn Torsheim.

DEL

«Er det noen steder i Bergen jeg kan få kjøpt kalenderen. Ønsker den veldig» – «Er kalenderen å få kjøpt på Eid?» – «Kva med nord om fylkesgrensa? Fosnavåg t.d.?» – «Oslo?»

Kommentarane tikkar inn på Facebooksida til Oddvar Torsheim; mange har vorte gripen av «ymsedamene» hans. Kvar fredag vert ei teikning lagt ut på sida til kunstnaren, og kvar fredag får dei tusenvis av likarklikk.

– Han har jo ei Facebookside med ganske mange følgarar. Det var mest for moro skuld at vi begynte å legge dei ut, seier dottera hans, Jorunn Torsheim.

Glede heile året

Det som var meint som eit lite forsøk på Facebook, vart til ein stor suksess. Så stor at dei samla tolv av teikningane og laga ein kalender.

– Det var mange som vende seg til meg, og spurte om å få kjøpe bilde. For at flest mogleg skulle få glede av teikningane, valde vi å lage ein kalender. Vi hadde håpa på å selje godt, men hadde aldri trudd at det skulle gå slik.

– Eg trur mange kan kjenne seg att i bilda. Kanskje er det nokre menn som no har eit påskot for å ha ei litt frekk dame på veggen, ler ho.

Jorunn Torsheim fortel at bokhandlarar har bestilt 100 kalendrar, for så å ringe tilbake to dagar seinare for å be om 100 til. Nokre har kalla det årets julegåve, og både menn og kvinner i alle aldrar har vist si begeistring. Til no har det vorte trykt 2500 kalendrar. Det første opplaget på 500 kalendrar gjekk etter to dagar.

– Og no ser det ut som vi må trykke endå fleire. Det er utruleg at eitt produkt slår så godt an over heile landet. Det skjer som oftast med avdøde kunstnarar. Det er veldig gledeleg at pappa får oppleve det. Det viser at han er ein folkekjær kunstnar som spreier glede, seier Jorunn.

Damer i alle versjonar

– Det er veldig kjekt at salet går så bra. Eg er veldig glad, for eg jobbar jo hardt med det. Det er ikkje noko kjære mor eller far, seier kunstnaren sjølv.

– Dette er min måte å lage bilde på no. Astrup laga kvernhus og natur, eg lagar ymsedamer. Det er no berre å sjå seg rundt for å finne inspirasjon. Dei stereotypiske damene som du ser på framsidene på glansa blad blir framstilte som om dei aldri har vore ute i naturen. Ymsedamene er ein reaksjon på det. Dei kjem i alle versjonar.

Det er Jorunn som styrer Facebooksida hans, og som har gjort kalendaren til ein suksess. Torsheim ser på Facebook som eit godt verktøy.

– Det er fantastisk. Ein treng jo nesten ikkje å ha galleri lenger. Eg har eit grepa kvinnfolk i dottera mi, og vi har eit godt samarbeid. Ho kan dette med Facebook. Eg lærer litt etter kvart.

Fredag 25. november skal Torsheim til Norli på Amfi for å signere kalendrar. Laurdag skal han på Norli på Torget, og 10. desember skal han signere i Bergen.

Artikkeltags