Luttprisane for 2022 vart delt ut i Operahuset på Nordfjordeid.
– Det er eit veldig flott knippe med vinnarar i år. Men eg trur juryen hadde ein utfordrande jobb med å bestemme seg, seier prosjektleiar for Luttprisen i NRK, Stian Sjursen Takle.
Luttprisen blir delt ut gjennom røystene frå publikum og ein fagjury. Folkejuryen samla rekordmange røyster med 26.978 røyster.

Amalie (23) frå Førde sa først nei. No er ho historisk på Paradise
Artist i over tre tiår
Odd-Erik Lothe har vore ein nasjonal artist sidan 90-talet. Mange av låtane han har laga har hamna på spelelistene til Noregs største radiokanal, NRKP1. Han har bak seg tretten album og saman med bandet sitt Fabel vart han nominert til Spelemannspris.
I 2022 gav han ut albumet Jaguar saman med bandet Mighty Magnolias til strålande meldingar.
– Vinnaren fortener prisen for all den flotte musikken han har laga og som han har gleda det norske publikummet med. Han er ein framifrå musikar og vokalist. Han lagar gode og stemningsfulle tekstar som blir framført på klingande Nordfjord-dialekt. Stolt hyllar vinnaren heimbygda, Nordfjord og fylket med songane sine.

Buathong datt ned frå stigen. No er framtida til Førde-restauranten usikker
17 år og årets nykommar
Vinnaren av årets nykommar er 17 år gamle Teo frå Solund. Han har hatt fleire låtar på spelelista i Noregs største radiokanal, NRK P1. Han har spelt på Malakoff og fleire andre festivalar. Han har også ei hovudrolle i NRK sin TV-serie Rykter.
Årets bakompris-vinnar vart Fred Reriersen ved Scandic Sunnfjord Hotell. Han var i 20-åra då han booka han dei første artistane til bygde-byen Førde. Der stod blant andre årets artist, Odd-Erik Lothe på scena. Han seier sjølv at han får kick av å skape glede og sjå glade publikummarar.
Luttprisane er stipend på 25.000 kroner. Årets artist får også eit kunstdiplom frå Oddvar Torsheim. Vinnaren av bakomprisen må nytte pengane på eit prosjekt som syner fram nye artistar for publikum.

Sat heime med joggebukse og matpakke: Musikken ho laga er no sett av 113 millionar

Har arrangert dans i 36 år – no kan det vere slutt
