Gå til sidens hovedinnhold

Nytt uvêr på veg: Norled innstiller to båtruter

Artikkelen er over 1 år gammel

Det har meldt mykje vind i dagane som kjem. Dette fører til at Norled innstiller to ruter med ekspressbåten tysdag.

Dette gjeld avgangen til Selje frå Bergen klokka 08.00 og frå Selje til Bergen klokka 15.20.

– Det er lågtrykk på rekke og rad dei neste dagane. Det held fram med mykje vind i store delar av landet, melder Meteorologane på Twitter.

Enkelte plassar har vinden begynt å ta seg opp allereie:

Klokka 18.40 melde Vegtrafikksentralen at Rugsundbrua er stengd grunna sterk vind.

Les også

Meteorologen: – Det er berre å halde ut!

Kommentarer til denne saken