Gå til sidens hovedinnhold

Nytt tilfelle av indisk virusvariant på Vestlandet

Eit nytt tilfelle av den indiske virusvarianten er påvist av laboratoriet på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Dette er det tredje tilfellet i regionen.

Det stadfestar avdelingsleiar Elling Ulvestad ved mikrobiologisk avdeling til Bergens Tidende.

– Det vart gjort eitt funn i morges. Vi byrja sekvenseringen måndag, så denne prøva er nok frå førre veke og vedkommande er nok i isolasjon, seier han.

Haukeland utfører analysar av koronaprøver for kommunar i opptaksområdet til Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Førde. Det vart oppdaga to tilfelle av den såkalla indiske varianten i april.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken