Karoline Erdal tok laurdag sitt andre sølv i meisterskapen.

Polske Kamila Zuk vann på heimebane. Ho, Karoline Erdal og Åsne Skrede kom inn til siste skyting i ei klynge på fem som hadde fått ei lita luke.

Zuk var den einaste som fekk ned alle blinkane og kunne dermed cruise til mål, mens Erdal såg ut til å måtte kjempe for å halde russiske Larisa Kuklina bak seg.

Det hadde ho ingen problem med, mens Skrede avslutta på imponerande vis og passerte Kuklina og tok bronse.

Også fredag kom Erdal inn på andreplass: