Gå til sidens hovedinnhold

Nytt snøras stenger fv. 613 på Gaularfjellet

Også dette raset har gått ved Utsikten.

Vegtrafikksentralen vest melder fredag like etter klokka 14 at det har gått eit snøras på fv. 613 på Gaularfjellet.

Raset skal ha gått ved Utsikten, og entreprenør er på veg for å undersøke og vurdere raset.

Det er ikkje meir enn litt over ei veke sidan det gjekk eit snøras på akkurat same stad.

Då vart vegen stengd til neste morgon.

Firda kjem tilbake med meir.

Kommentarer til denne saken