Gå til sidens hovedinnhold

Nytt smittetilfelle i Luster

Ein person er i isolasjon og ein nærkontakt er i karantene.

SOGN AVIS: Luster kommune opplyser fredag ettermiddag at kommunen har eitt smittetilfelle. Det er kjend smitteveg og ingen risiko for vidare smitte, skriv kommunen på nettsida.

Det er for tida stor pågang på laboratoria på sjukehusa slik at det no kan ta opptil tre døgn før svar på koronatestar er klare. Luster kommune sin teststasjon er open 29. og 30. mars. Det er lagt ein beredskapsplan dersom det blir utbrot, melder kommunen.

Kommentarer til denne saken