Gå til sidens hovedinnhold

Nytt smittetilfelle i Askvoll

Torsdag blei det påvist eit nytt smittetilfelle i Askvoll kommune.

Det melder Askvoll kommune på sine nettsider torsdag ettermiddag.

Kommunen melder vidare at tilfellet er knytt til utbrotet i Sunnfjord kommune og at smittevegen slik sett er kjend.

Fem nærkontaktar er sett i karantene og deira husstandsmedlemmer er i ventekarantene. Kommunen nyttar forsterka TISK (testing, isolering, sporing og karantene) som anbefalt frå FHI og Helsedirektoratet, opplyser Askvoll kommune.

Les meir om utbrotet i Sunnfjord kommune her:

Les også

Tre nye personar smitta og 100 i karantene: – Vi ventar at det kan bli endå fleire

Les også

To personar trente på Spenst utan å vite at dei var smitta

Kommentarer til denne saken