Klokka 00:51 meldte Vegtrafikksentralen vest at eit nytt ras hadde gått ved Hundsåna på fylkesveg 609.
Berre halvannan time tidlegare gjekk eit anna ras i same område.
– Det har gått eit ras der stein og tre er kome i vegbana, seier Christer Eide, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen Vest.
– Dei treng geolog på staden, og då Vegvesenet fekk melding om raset, vart det sagt at det trengst minst ein dag til opprydding. Det blir altså ikkje opna laurdag morgon, seier han vidare.
Han opplyser laurdag morgon om at entreprenør er på staden.
Firda kjem tilbake med meir.