Gå til sidens hovedinnhold

Nytt rådhus for framtida

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.


Onsdag kopla over 300 personar seg på det digitale folkemøtet om dei nye rådhusplanane i Florø. Her fekk folk innblikk i ulike sider ved det komande prosjektet, både det arkitektoniske, det byplanmessige, framdrift og økonomi.

Under spørsmålsrunden til slutt var det mange som lurte på mykje. Om utsjånad. Om miljøaspekt, og om korvidt det er rett å bruke pengar på nytt rådhus i krisetider. Kjensla vi sat att med til slutt, kunne minne om prosessen rundt kommunesamanslåinga. Mange argumenterer og snakkar som om vi framleis er på eit stadium der vi diskuterer om og kvar vi eventuelt skal byggje eit nytt rådhus.

Men som ordføraren poengterte fleire gonger: Kinn kommune har vedteke å byggje nytt rådhus i Florø. Det er vedteke kvar det skal liggje. Det er bestemt at kommunen skal byggje sjølv. Det er lagt plan for kor mange tilsette bygningsmassen skal huse, og langt på veg korleis bygget skal sjå ut og fungere. Og det er laga ei økonomisk ramme for prosjektet. Då blir det underleg at ganske mange snakkar som om rådhusidéen kom på bordet sist veke, når det har blitt jobba med i seks år.

Ikkje uventa er det kritikarane som no er tyngst på bana, særleg når det gjeld byggjestil. I dag kan du lese Øyvind Kleiven sine kritiske innspel, der han meiner vi begår «same tabbe» som Førde. Underforstått; Førde er framleis Norges styggaste bygdeby, og førderådhuset er stygt. Det synet må Kleiven og hans meiningsfeller gjerne ha, men det vitnar om at han umogleg kan ha avlagt mange førdebesøk dei seinare åra. Rådhuset i Førde ligg som eit flott signalbygg i ein småby som har teke sjumilssteg når det gjeld utsjånad det siste tiåret. Ein kan spørje seg kva Florø har fått til i same periode, med eit par-tre heiderlege unnatak som Horne Brygge og Byporten.

Men vi er heller ikkje heilt overtydde etter å ha sett teikningane til det nye rådhuset. Samtidig ser vi at det er eit krevjande prosjekt, med mange omsyn å ta i eit område som er ganske fortetta frå før av, og med mange omsyn å ta. Det vi derimot er sikre på, er at gamle, falleferdige sjøbuer ikkje til evig tid kan setje den arkitektoniske standarden for korleis Florø by skal utviklast inn i framtida.

Florø og Kinn treng nytt rådhus, uavhengig av om det vil koste litt meir eller litt mindre enn dagens desentraliserte driftsmodell. Anten du er kommunedirektør eller «golvsoldat», skal du ikkje måtte jobbe i eit hus der ein jamleg må leggje ut rottegift på toalettet.


Kommentarer til denne saken