Gå til sidens hovedinnhold

Nyt vêret i dag, for no kjem dritvêret

Artikkelen er over 1 år gammel

Ikkje noko påskestemning eller vårvêr resten av denne veka.

– Det har vore ein vinterleg start på veka. Og heile måndagen kjem til å vere fin i heile Vestland fylke, seier Geir Ottar Fagerlid, som er vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på vestlandet.

Sjølv om veka startar godt har ikkje Fagerlid så mykje meir positivt å seie om vêret denne veka.

– Dagens vêr blir ei kort glede før det natt til tysdag kjem til å skye til. Resten av veka er prega av veldig uroleg vêr, seier Fagerlid.

Snøen forsvinn

Tysdag er det spreidde byer med snøgrense på 500–700 moh.

– Snøen ein har i låglandet i dag vil forsvinne veldig fort, seier meteorologen.

Onsdagen vil bli ganske lik tysdag med nedbørsbyer, i tillegg er det meldt om pålandsvind.

«Styggvèrsdag» på torsdag

Fagerlid melder at vinden kjem til å ta seg kraftig opp på torsdagen.

– Det kjem til å bli ein «styggevêrsdag». Vinden kan komme opp i sterk kuling til liten storm, seier han.

Temperaturen gjennom heile veka vil ligge på rundt 0–5 grader i låglandet, melder meteorologen.

Kommentarer til denne saken