Nyt godvêret mens du kan – på søndag tjuknar det til

DET KAN BLI REGN: Langtidsvarselet for Førde viser ingen nedbør, men meterologen trur det er fare for litt regn frå søndag av. Bildet er tatt i Fauske.

DET KAN BLI REGN: Langtidsvarselet for Førde viser ingen nedbør, men meterologen trur det er fare for litt regn frå søndag av. Bildet er tatt i Fauske. Foto:

Vêret har vore upåklageleg den siste veka, men no vinkar sommarvarmen farvel.

DEL

– No blir det litt meir kjølig. Viss vi er heldige, kan det hende temperaturen kjem opp i 13–14 grader i helga.

Det seier Haldis Berge, vakthavande meteorolog hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Sola skin både i dag og i morgon, men frå søndag av skal det tjukne til.

– Søndag kveld, eller måndag morgon, kan det komme litt nedbør. Truleg kjem det også nedbør på tysdag, men det er ikkje sikkert. Vi er usikre på kor mykje nedbør som kjem, og kor lenge det varer. Men det blir meir variabelt vêr neste veke enn det har vore no.

Ikkje teikn til sommarvarme neste veke

Med overskya vêr fell også temperaturane.

– Vi har gått over til ein kaldare vêrtype. Temperaturen kjem nok til å liggje på 10 grader eller mindre. Det heng saman med kva tid det blir nedbør eller ei. I morgon ettermiddag kan det også komme ein forbigåande liten kuling på kysten, og skiftande bris på søndag.

Berge kan røpe at Fjærland var den varmaste staden i Sogn og Fjordane i går med 17,2 gradar. Førebels er det usikkert når vi får smaken av sommar tilbake.

– Det ser ut til å bli lågare temperaturar neste veke, og lenger enn det har eg ikkje prognosar for enno. Men det er ikkje teikn til den skikkelege varmen neste veke i alle fall.

Likevel bør du ikkje pakke ned solkremen heilt enno.

– Om det er sol og du er ute, så er det alltid anbefalt å bruke solkrem.

Artikkeltags