Nynorsk Avissenter i Førde

Praktikantane ved Nynorsk Avissenter får ei teoretisk og praktisk opplæring i journalistikk for papir- og nettaviser, i nær tilknyting til redaksjonen i Firda

Praktikantane ved Nynorsk Avissenter får ei teoretisk og praktisk opplæring i journalistikk for papir- og nettaviser, i nær tilknyting til redaksjonen i Firda Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Nynorsk Avissenter er eit nasjonalt opplæring og kompetansesenter som held til i avisa Firda i Førde.

DEL

Senteret skal på ulikt vis styrke nynorskavisene rundt i landet og nynorskbruken i media. Dei 59 avisene som blir redigerte på nynorsk, er ein berebjelke for det nynorske skriftspråket og den største produsenten av nynorsk tekst utanom offentleg sektor.

Opplæring og etterutdanning av journalistar er ei sentral oppgåve for Nynorsk Avissenter som tek opp to kull med praktikantar i året. Praktikantane får ei teoretisk og praktisk opplæring i journalistikk for papir- og nettaviser i nær tilknyting til redaksjonen i Firda, som er den største nynorskavisa i landet.

Fire praktikantstillingar
Nynorsk Avissenter lyser ut fire praktikantstillingar to gongar i året. Søknadsfrist for halvårskursa er 15. april og 15. oktober.

Alle kan søke på desse stillingane og treng ikkje å ha journalistutdanning på førehand. Anna utdanning og allsidig erfaring kan vere vel så viktig.

Dei fire første månadane får praktikantane ei teoretisk og praktisk innføring i journalistikk og journalistiske arbeidsmåtar i både tradisjonelle og nye media.

Dei to siste månadane er avsett til redaksjonelt arbeid under kyndig rettleiing i Firda eller ei anna avis.

Samarbeid med NRK
Nynorsk Avissenter samarbeider med NRK Nynorsk mediesenter i Førde og tilbyr felles førelesingar med praktikantane i NRK.

Sidan 2004 har nærare 100 praktikantar fått ei slik intensiv journalistopplæring i NRK. Dei aller fleste har fått jobb i media etterpå og markert seg som solide journalistar og gode ambassadørar for nynorsken.

Til saman utdannar dei to nynorsksentra i Førde 18 journalistar i året ved å bruke den effektive læremetoden «lære ved å gjere.» Sidan nynorsk er det dominerande språket både i Førde og resten av Sogn og Fjordane, får praktikantane oppleve nynorsk som eit levande og aktivt bruksspråk.

Arve Sandal første leiar
Nynorsk Avissenter er i 2013 organisert som eit prosjekt med økonomisk støtte frå det statlege Vinjefondet, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Amedia som eig Firda og er det nest største mediekonsernet i landet med vel 3000 tilsette.

Arve Sandal er tilsett som prosjektleiar og første leiar i Nynorsk Avissenter i Førde.

Artikkeltags