Fleire sjåførar blei stoppa i kontrollar

DEL

43 køyretøy var innom Statens vegvesen sin trafikkontroll 1.- 2 oktober ved Førde trafikkstasjon.

Av desse blei 10 nærmare kontrollert, melder Vegvesenet i ei pressemelding.

Det enda med at det blei gitt skrifteleg pålegg om å utbetre tekniske manglar ved bremser, dekk og lys på fleire køyretøy.

Eit køyretøy fekk bruksforbud på grunn av mangelfull sikring av gods, medan eit anna fekk bruksforbod på grunn av overlast. Ein siste sjåfør stod i fare for å miste kjennemerket på køyretøyet sitt, men dette blei ordna opp i under kontrollen.

Under ein trafikkontroll på Kjos 1. oktober, blei 120 køyretøy vinka inn på kontrollplassen. 25 av desse blei nærare sjekka. Det enda med at to førarar fekk åtvaring for brot på køyre-og kviletidsreglane, samt at ein annan førar måtte laste av før vidare køyring fordi han hadde overlast.

Artikkeltags