Sjåførar mista førarkort og fekk bøter i fleng etter kontrollar langs skulevegar

KONTROLL: Trond Hatlenes ved Førde og Naustdal lensmannskontror hadde den første veka etter skulestart trafikkontroll ved Slåtten skule i Førde.

KONTROLL: Trond Hatlenes ved Førde og Naustdal lensmannskontror hadde den første veka etter skulestart trafikkontroll ved Slåtten skule i Førde. Foto:

Politiet har kontrollerte over 1300 sjåførar – slik blei resultatet.

DEL

Over heile landet har politiet stått langs vegane etter skulestart og kontrollert at sjåførane køyrer forsiktig.

I Sogn og Fjordane har 1320 køyretøy blitt kontrollerte, noko som enda med 51 reaksjonar, melder Arne Johannessen, politisjef i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Ein sjåfør blei teken for ruskøyring, to fekk førarkortet sitt beslaglagt for høg fart forbi skule, medan 26 andre fekk forenkla førelegg for det same.

– Alle må syne større respekt for tryggleiken til skuleborna og ungdomen. Det vert køyrt for fort ved og forbi skular. Det positive sidan sist er at vi har ingen reaksjonar på mobilbruk eller manglande sikring av born i bil, seier Johannessen.



Artikkeltags