– Eg har mange kompisar som kan stå bak ein slik spøk, det har nemleg skjedd før

MILLIONÆR: Ein sogning i 50- åra vann 3,8 mill. laurdag kveld.

MILLIONÆR: Ein sogning i 50- åra vann 3,8 mill. laurdag kveld. Foto:

Mannen i 50- åra trudde ikkje på nyheita han fekk servert laurdag kveld.

DEL

Ein mann i 50- åra frå Jostedal i Luster blei skeptisk då han laurdag kveld fekk ein telefon frå Norsk Tipping.

Her fekk han servert ei gladleg nyheit: Du har vunne over 3,8 mill. i Lotto!

– Eg har mange kompisar som kan stå bak ein slik spøk – det har nemleg skjedd før, sa sogningen.

For å unngå å bli lurt, logga han difor inn i appen og sjekka at det faktisk var sant. Og der fann han beviset, ifølge ei pressemelding frå Norsk Tipping.

– I alle dagar! Det var strålande. No blir det fest i kveld!

Sogningen hadde også tankar om kva han ville bruke millionane på.

– Det blir også ei fin reise for pengane. Ein må ha det litt moro når ein vinne i Lotto.

Totalt var det tre Lotto-millionærar som vann 3, 8mill. kvar laurdag kveld. Eit andelslag vann også ein fjerdedel kvar av 3,8 mill.

Artikkeltags