Firda kåra til årets mediehus: – Eg blei utruleg overraska!

FEIRING: Firda-gjengen jublar over at dei er kåra til årets mediehus 2019 i Amedia.

FEIRING: Firda-gjengen jublar over at dei er kåra til årets mediehus 2019 i Amedia. Foto:

Av dei 72 lokalavisene i Amedia gjekk Firda til topps.

DEL

– Det er utruleg kjekt. Dette skal vi feire! seier ein glad redaktør Kai Aage Pedersen.

– Eg blei utruleg overraska

Søndag kveld gjekk Firda til topps under ei Amedia-samling i Alta der mellom anna årets mediehus skulle kårast.

Firda var blant dei 13 nominerte av totalt 72 mediehus i konsernet.

I salen sat Pedersen utan særlege forhåpningar:

– Eg tenkte vi ikkje kom til å gå til topps fordi vi konkurrerte med veldig mange andre sterke aviser. Men så stod det att fire mediehus, og då tenkte eg at det i alle fall var fint å kome til finalen. Då juryen las opp si grunngjeving og ordet nynorskavis blei nemnt, skjønte eg det. Eg blei utruleg overraska.

Lukkast med å nå dei yngre og kvinnene

Juryen viser til at Firda har greidd å få til ei omstilling frå det analoge mot det raske og digitale. Snuoperasjonen frå negativ opplagsutvikling til ein markant vekst i tal digitale abonnentar, blir mellom anna peika på av juryen.

– Vi ser at vi har lukkast med å nå dei yngre og kvinnene. Vi har også innhald som er relevant til rett tidspunkt av døgnet, 365 dagar i året, seier redaktøren, og legg til:

– Det har gitt resultat. Vi har ein vekst som er mykje sterkare enn dei fleste. Det har blitt gjort ein fantastisk jobb av dei tilsette i Firda. Medan vi i fjor låg midt på treet i Amedia-verda, blir vi no brukt som døme på korleis ting skal gjerast.

– Markerer seg på valstoff

Måndag ettermiddag feirar dei tilsette utmerkinga. Det blir også ei skikkeleg feiring seinare, lovar Pedersen, som særleg etter valet ser at lesarane er mange og ivrige:

– Det var stor interesse på valstoffet. Vi merkar også at vi set dagsorden i det politiske miljøet og er tett på dei politiske prosessane . Dessutan er vi raske, og det er heilt avgjerande, seier Kai Aage Pedersen.


Artikkeltags