No er det mykje øving med brannbilar.– Men sjåførane må uansett ta omsyn når dei høyrer sirener!

DEL

Den siste veka har det ula i brannsirener titt og ofte i Sunnfjord-området, men ifølge Alarmsentralen i Florø, er mange av dei frå øvingar.

– Vi trur det er ein skule-brannbil som er i området, men vi har ikkje fått melding om at den skal vere her, og vi veit ikkje kor lenge den blir her heller, seier Terje Birkeland i Alarmsentralen.

Han legg til at det har kome fleire telefonar frå media som lurer på om det er brannutrykking.

– Burde de fått beskjed om at det er øving?

– Det er ikkje noko krav om at vi skal ha slikt varsel.

Han presiserer at uansett om det er øving eller ikkje, så må folk ta omsyn til utrykkingskøyretøyet og sleppe det forbi.

– 90 prosent av alle gongene er det ikkje øving, seier Birkeland.

Artikkeltags