Zanto frå Hyllestad er ikkje som alle andre hundar. Puddelen som i fjor fekk vist seg fram over heile landet med ski på beina har fleire talent. Åtteåringen har ei kunstnarisk side. Nedst i artikkelen kan du sjå Zanto i aksjon.

– Vi må jo sjå kva vi klarar å lære han, ler eigar Torhild M. Hansen. Ho har til og med ein eigen blogg for hunden sin.

Pause frå måling

Hansen starta opplæringa i august i fjor, i november fekk hunden måling på kosten for første gong.

No har dei teke pause frå målinga. Og Hansen er i gang med å lære hunden nye ting.

– Telling. Og å trille ball opp trappa, er blant tinga vi no prøver å lære han, fortel ho.

Bilder til Facebook-venner

Måleria som Zanto har laga har anten hamna på veggen, blitt lagra i ei bok eller selde til folk Hansen kjenner via Facebook. No står puddelen bak 32 verk.

– Er du blitt rik på bilda?

– Nei, eg tek berre det eg har hatt i utgifter på måleutstyr.

Hansen legg til at Zanto, det er ein hund som likar å jobbe. Så det sluttar nok ikkje med skigåing og måling.