Yngve Årdal er ny redaktør i Firda

- Eg er glad Yngve takka ja, men eg hadde ikkje blunka om vi hadde tilsett ein av dei tre vi hadde til intervju, seier styreleiar Per Gjerstad.

- Eg er glad Yngve takka ja, men eg hadde ikkje blunka om vi hadde tilsett ein av dei tre vi hadde til intervju, seier styreleiar Per Gjerstad. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Frå hjelpearbeidar på trykkeriet til ansvarleg redaktør på 27 år.

DEL

- Det har vore ein fantastisk reise, seier Yngve Årdal, som vart tilsett som ansvarleg redaktør i Firda i dag, etter å ha vore konstituert i stillinga sidan i fjor sommar, då Jan Atle Stang først gjekk ut i permisjon, og så slutta i Firda for å bli regiondirektør i NHO.

"Samhandlingsreform"

Yngve Årdal kom for første gong inn dørene i Firda som hjelpearbeidar på trykkeriet i august 1984, og har vore gjennom mange ulike stillingar i avisa sidan den gongen, mellom anna på desken og som redaksjonssjef.

- Eg takkar for tilliten. Firda er ein vital 95-åring, og vi skal halde fram i lag. Vi kan sikkert snakke om samhandlingsreform i media, slik ein gjer innan helse i dag. Eg vil gjerne vere trenar og syte for at vi har gode lagspelarar, sa Årdal, som også har vore aktiv i det lokale fotballmiljøet.

Gode kandidatar

Åtte personar søkte på jobben som ansvarleg redaktør i Firda.

- Eg er veldig glad for at Yngve takka ja, men eg hadde ikkje blunka om vi hadde tilsett ein av dei andre som var til djupe intervju, sa styreleiar Per Gjerstad, då han presenterte Yngve Årdal for dei tilsette måndag føremiddag.

Gjerstad nytta også høvet til å rose dei tilsette for god innsats og resultat gjennom tøffe prosessar i det siste.

Artikkeltags