Vurderer å rive kulturskatten

Artikkelen er over 4 år gammel

Reagerer sterkt på at Vegvesenet vurderer å rasere ei meir enn 200 år gamal steinbru

DEL

I samband med utbetring av E39 - på parsellen mellom Vadheim i Høyanger kommune og Sande i Gaular kommune - vurderer Statens vegvesen å fjerne den drygt 200 år gamle steinhellebrua ved sørenden av Dregebøvatnet i Gaular. Ei eventuell riving av brua vert grunngjeven med sikring av E39 mot ein 200-årsflaum.

I gjeldande reguleringsplan – for utbetring av E39 frå grensa mellom Høyanger og Gaular og nordover til Grytåsen – skal brua bevarast. Men no opnar altså vegvesenet for å endre reguleringsplanen og likevel rive brua.

Det får grunneigarane på Dregebø og Øksland til å reagerer sterkt.

Vandalisme på nasjonalt nivå

– Det vil vere omsynslaus vandalisme på nasjonalt nivå dersom den fleire hundre år gamle steinbrua i sørenden av Dregebøvatnet vert rasert, seier Helge Øksland til Firda.

Øksland er ein av fleire naboar i området som reagerer sterkt på at den historiske konstruksjonen kan bli riven.

– Dregebø steinhellebru er eit unikt samferdslehistorisk kulturminne, og riving vil vere heilt forferdeleg! Eg kan ikkje fatte at Statens vegvesen i det heile vågar å tenkje tanken på å rasere noko så unikt som dette.

Øksland syner til at området har vore ei viktig ferdselsåre i uminnelege tider, og meiner storsamfunnet må ha råd til å ta vere på kulturminna i området.

– Det bør teknisk sett vere uproblematisk å lage ein flaumsikringstunell på austsida av brua, dersom det er flaum dei er redde for, slår Øksland fast.

Sjokkerande av vegvesenet

­– Dette var ei stor overrasking! Eg trudde brua var sikra og saka ute av verda, og det er sjokkerande å høyre at vegvesenet likevel opnar for å rasere ho. Eg har nesten ikkje ord! seier grunneigar Gunnar Drægebø.

Drægebø fortel at brua er ein del av «Den Trondhjemske Postvei», eit verdfullt kulturminne og ein viktig del av den mange hundreårige samferdslehistoria i Ytredalen.

– Det vil vere horribelt å rasere denne delen av vegkulturarven vår. Vegvesenet grunngjev visstnok ei eventuell riving med at det blir for dyrt og komplisert å sikre E39 mot ein 200-årsflaum utan å rive steinhellebrua. Men når storsamfunnet treng betre veg, må storsamfunnet òg ta kostnaden med å ta vare på viktige kulturminner som dette. Det er snakk om vilje og evne til å prioritere. Dette handlar utvilsamt om kostnader, avsluttar Drægebø.

Tvilar litt på flaumfaren

Karane er heller ikkje overtydde over kor reell flaumfaren er i området.

– Vatn frå eit stort nedslagsfelt som tidlegare rann ned i vassdraget her, vart på 50-talet regulert til kraftproduksjon i Høyanger, fortel Helge Øksland.

Karane meiner at det ikkje har vore storflaum i området etter at det historiske nedslagsfeltet vart redusert.

– Uansett, det er fullt ut teknisk mogeleg å finne ei løysing som sikrar brua, slår Øksland fast.

Intensjonen er å bevare bruene

Kulturavdelinga i fylkeskommune ber Statens vegvesen finne løysingar slik at gamle bruer og vegar i Ytredalen ikkje vert råka under utbetringa av stamvegen E39.

– Dei mange gamle bruene og vegane i Ytredalen utgjer eit unikt og verneverdig miljø, sidan dei skriv seg frå ulike tidsperiodar. Ytredalen er unik i landssamanheng, seier seniorrådgjevar Knut Åland i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Åland peikar på at ein tur frå Vadheim og vidare opp gjennom Ytredalen mot Sande gjev eit unikt høve til å få ei god historisk oversikt over ulike byggjeteknikkar på steinbruer like frå år 1800 og fram til i dag.

– Sjølv om Kulturavdelinga ikkje ønskjer å føre forhandlingar med Statens vegvesen i media, ventar vi at vegvesenet greier å finne gode løysingar som tryggjar dei gamle bruene.

– Intensjonen er at bruene skal bevarast slik dei ligg i dag, utan fleire inngrep enn det dei allereie har vorte utsette for i samband med eksisterande E39, seier Åland, og legg til at kulturavdelinga òg ønskjer at den gamle vegen på vestsida av Dregebøvatnet vert gjort tilgjengeleg.

Vegvesenet vil strekkje seg langt

– Sjølv om det kan bli krevjande å ta vare på den gamle steinhellebrua på Dregebø, vil vi strekkje oss langt for å prøve å finne ei løysing som sikrar brua, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale.

Dale er prosjektleiar i Statens vegvesen for utbetring av E39 frå Lavik til Skei, og seier til Firda at det er for å sikre vegen mot ein 200-årsflaum at det vert vurdert å rive steinhellebrua på Dregebø.

­­– Kvifor vurderer vegvesenet å rive brua, i strid med gjeldande reguleringsplan?

– Etter den opphavlege planen skal eksisterande E39-bru på Dregebø utbetrast/utvidast. Men det syner seg at det vert billegare å byggje ei heilt ny bru, og i samband med planlegginga av den nye brua kom det krav om at brua må bereknast for ein 200-årsflaum, forklårer Dale.

– Kva med å byggje ein kanal/tunnel ved sida av brua som flaumsikring?

– Det kan vere ei mogeleg løysing, men ein tunnel kan vere komplisert å drifte og halde ved like. Målet er å finne ei løysing som er driftssikker den dagen det er behov for det, slår Dale fast.

Parsellane E39 Birkeland-Sande nord og Dregebø–Grytås skal etter planen stå ferdig i 2016.

Artikkeltags