Vogntog kvelva i rundkøyring

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Lærdalstunnelen og den mykje trafikkerte rundkøyringa i Håbakken i Lærdal blir stengd ein times tid frå kl. 23.00 søndag kveld i samband med bilberging.

Det var i halv fem-tida at politiet fekk melding om eit vogntok som hadde velta i rundkøyringa i Håbakken, krysset mellom E16 og riksveg 5 i Lærdal.

Føraren uskadd

Ambulanse, brann og politi vart kalla ut.

Føraren av vogntoget, ein mann i 40-åra, var uskadd.

Trafikken på staden gjekk som normalt då vogntoget låg kvelva utanfor køyrebana.

Stor trafikk – ventar med bilberging

Bilberginga er utsett til kl. 23.00 grunna den store trafikken på E16 og riksveg 5 på ein søndagskveld.

Politiet opplyser at også Lærdalstunnelen vil vere stengd i samband med bilberginga. Forventa stengetid er ein time.

Statens vegvesen melder at Håbakken – Lærdalstunnelen i kveld kan bli stengt i periodar på inntil 30 minutt på grunn av bilberging.

Artikkeltags