Vindmøller finansierer Dalsfjordbrua

Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Anleggsarbeidet med Dalsfjordbrua kjem truleg i gang allereie våren 2009, takka vere ny teknologi og ein allianse mellom Sunnfjord Energi og bruforkjemparane.

DEL

To vindmøller på staga på brua vil finansiere store deler av kostnadene av sjølve brua. Resten av prosjektkostnadene dreier seg i stor grad om rassikring, og ordførar Arve Helle har fått signal frå sentralt hald om at brua vil bli høgt prioritert på grunn av dei nye planane, som kan representere ei ny trend på brukonstruksjonar. Helle håpar dessutan at vindmøllebrua kan bli ein turistattraksjon.

Folkeaksjar

Etter at framlegget til Nasjonal Transportplan gav lite håp til byggjestart i 2009, slik Stortinget har vedteke, har Arve Helle og aksjon Dalsfjordbrua jobba intenst i kulissane.

– Det var ikkje vanskeleg å få Sunnfjord Energi med på laget, seier Helle. Kraftselskapet, der kommunar i Sunnfjord og ytre Sogn har aksjemajoriteten, vil setje opp to vindmøller på brua. Inntektene frå produksjonen vil dei første 15 åra gå uavkorta til nedbetaling av brua. Bru-mølleprosjektet vil bli skilt ut som eit eige aksjeselskap der HAFS-kommunane og SE til saman vil eige 51 prosent av aksjane. Vanlege folk vil også få høve til å kjøpe aksjar.

– Folk med adresse i HAFS-regionen vil få førsterett til aksjane, seier Helle, som trur aksjane vert svært populære, både fordi folk er engasjerte i brua og fordi det kan vise seg å bli ein utbytterik investering på sikt. Allereie i dag kan interesserte setje seg på prioriteringsliste ved å vende seg til sørviskontoret i Fjaler kommune.

Optimale forhold

SE-direktør Per Storegjerde fortel at Dalsfjorden har optimale tilhøve for vindmøller, og utelukkar ikkje eit tilsvarande bru-mølleprosjekt som kan binde saman Fjaler og Askvoll lenger ute i fjorden.

– Målingar viser at det er akkurat passeleg med vind i fjorden. Nok til å halde vindmøllene i gang, men ikkje så mykje at det skapar problem, slik ein opplever på meir utsette stader ute på kysten, seier Storegjerde.

Tvil til skamme

Planansvarleg Gunnar Søderholm i Statens vegvesen var i utgangspunktet skeptisk til å kombinere bru og vindmøllepark. Men han er no overtydd om at vindmøllene ikkje representerer nokon fare for trafikken.

– Vi må styrke konstruksjonen noko, men våre ingeniørar har i lag med Sunnfjord Energi funne ei heilt sikker løysing, seier Søderholm, og legg til at han eigentleg er overraska over at ingen har tenkt på dette før.

– Mange har jo snakka om vindmøller på plattformer til havs. Ideen om bru-møller er like enkel som den er genial, men det krev at folk kommuniserer over faggrenser. Eg trur dette er eit døme på at folk i ulike bransjar bør snakke meir i lag, seier Søderholm.

Artikkeltags