Vindmølle-Ole blir ordførar

Ole Gunnar Krakhellen (25) blir den nye ordføraren i Solund.

Ole Gunnar Krakhellen (25) blir den nye ordføraren i Solund. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Ole Gunnar Krakhellen (25) blir ny ordførar i Solund, etter at Høgre, Framstegspartiet og Puls har inngått avtale om valteknisk samarbeid.

DEL

Samarbeidet inneber at John Kåre Larsen (Frp) vert varaordførar, opplyser Krakhellen i ei pressemelding. Sigve Lerpold i Politisk uavhengig liste i Solund (Puls) er sikra ein plass i formannskapet.

Høgre-vind

Høgre fekk ein oppslutnad på 33,7 prosent, noko som er ein framgang på 17,3 prosent sidan førre kommuneval. Dermed blir Høgre-gruppa størst i kommunestyret, med 5 av 15 representantar.

Ole Gunnar Krakhellen, som er son til tidlegare ordførar Steinar Krakhellen, har flagga ja til vindmøller i Solund, så sant konsekvensutgreiing og folkerøysting ligg i botn.

- Ønske om endring

Sigve Lerpold i Puls forklarer valet på samarbeidspartnarar slik:

- Vi har gått inn i valet med eit ønske om endring i politikken i Solund. Valresultatet viser at veljarane også ønskjer ei endring. Høgre kom på bana først og gav eit tilbod, og gruppa vår fann ut at det var dei vi ville satse på.

- Korleis stiller Puls seg til vindmølleplanane i Solund?

- Vi har ikkje noko standpunkt i gruppa vår på vindmøller. Vi har folk som er for og imot i gruppa vår. Vi avventar ei folkerøysting, seier Lerpold, som presiserer at det valtekniske samarbeidet ikkje er eit politisk samarbeid.

- Vi har ikkje bunde oss til noko som helst framover.

Artikkeltags