Vindmølle-ja i Florø

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

11 timar langt bystyremøte gav JA til vindmøller på Guleslettene.

DEL

Det er selskapet Guleslettene Vindkraft AS som ønskjer å byggje ut 48 vindturbinar i området som ligg ved kommunegrensa mellom Flora og Bremanger.

Grunneigarane på Botnane og i Sørgulen er positive til planane og har alt inngått avtalar med utbyggjar Guleslettene Vindkraft, men motstanden har òg vore stor frå ulike hald.

I går kveld vedtok likevel bystyret i Flora å gje løyve til Guleslettene Vindkraft med 22 mot 13 røyster, mellom dei ordførar Bengt Solheim-Olsen (H).

Sagt i debatten

Det vart ein både lang og hektisk dag for bystyrepolitikarane i kystbyen tysdag. Bystyremøtet gjekk i gong klokka 12, og var ikkje formelt avslutta før nærare klokka 23, altså 11 timar seinare.

Blant dei mange gullkorna som vart sagt i løpet av dagen, var:

- «Eg er ikkje veldig oppteken av dei globale utfordringane, for meg handlar det om lokaldemokrati og grunneigarane sine interesser», Frank Willy Djuvik (Frp).

- «Eg går i mot, og lar tvilen kome naturen på Guleslettene til gode», Odd Bovim (V).

- «Florø ligg der dei ligg, og Guleslettene ligg der dei ligg», Jan Henrik Nygård (V).

- «Stygt? Ja.», Åge Larsen (Ap).

- «Eg skal ikkje sei noko intellektuelt no», Solbjørg Tonheim (Ap).

Bremanger på vent

Først i neste veke skal kommunestyret i Bremanger ta endeleg stilling til saka. Dei kan kan komme til å krevje ein betre avtale med kraftselskapet før dei seier ja til planane, skriv Bergens Tidende.

Artikkeltags