Villrein stoppa trafikken for å sleikje salt

Villreinflokken som sleikte salt i vegbana på Utvikfjellet fredag morgon, stoppa trafikken.

Villreinflokken som sleikte salt i vegbana på Utvikfjellet fredag morgon, stoppa trafikken. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Bilistar måtte jage vekk villreinstamme for å komme seg vidare

DEL

Ein flokk på nær 40 saltsleikjande villrein stoppa trafikken på Utvikfjellet på grensa mellom Gloppen og Stryn fredag morgon.

– Det var eit spesielt syn, fortel Adrian Paulen frå Utvik som fanga opp villreinflokken med kameraet sitt.

Sjå biletserie her: Saltsleikjande villrein stoppa trafikken

– Villreinane stod heilt i ro midt i vegen og sleikja saltet som låg i vegbana. Dei var ikkje redde for bilar i det heile tatt og eg måtte halde inne bilhornet lenge for å få dei ut i grøfta. Først då fekk eg til å passere, fortel Paulen som aldri før har sett noko liknande.

– Eg har sett ein del rein i området her før, men eg har ikkje sett dei nede i vegbana før. Men dei fant seg tydelegvis ein godbit dei ville nyte, seier Paulen til firda.no

I tillegg til villreinflokken 25-åringen fanga inn med kameraet sitt mellom Karistova og høgda i retning Utvik, var det også 10- 15 fleire dyr like ved. Alt i alt var flokken på vel 40 dyr, fortel Adrian Paulen til firda.no

Artikkeltags