Gå til sidens hovedinnhold

Vil stengje Eira innan fire månader

Artikkelen er over 11 år gammel

Men Helse Førde- styret er delt i synspunktet på nedlegginga

- Eg er ikkje bekvem med å gå frå møtet her i dag og ha lagt ned Eira.

Vil ikkje kutte Eira

Dette seier Rune Larsen i Helse-Førde styret. Kutta på psykoseposten blir no diskutert i budsjettmøtet, men saka er enno ikkje avgjort.

For å spare 1,8 millionar vil Helse Førde kutte psykoseavdelinga for unge vaksne psykotiske på Eira i Førde. Dei tre plassane her skal flyttast over til Førde sentralsjukehus på psykiatrisk avdeling.

Men Larsen er ikkje begeistra for dette.

-Eg har fått ein del bekymringsmeldingar og vi har tilsette som har trekt seg frå fagansvar. Eg meiner at psykisk helse må finne rom for innsparinga som ligg i budsjettet, men eg er ikkje bekvem med å gå fra dagens møte og leggje ned Eira.

Flytting innan 4 måneder

Bolstad var raskt ute og presiserte at det var snakk om flytting, og ikkje nedlegging,

Rune Larsen blei meir skeptisk etter at det blei kjent at tidsplanen for flyttinga er lagt til 3- 4 månedar.

Kjell Nygård støtta også Larsen, medan Knut Cotta Schønberg støtta forslaget frå administrasjonen. Det same gjorde også Anni Felde, men med visse atterhald.

Harry Mowatt ville ha meir utgreiing om psykosetilbodet og ba om eit notat i saka.

- Uskikk

Clara Øberg vil gå for budsjettet slik det ligg framme.

- Eg synest det er ein uskikk å seie at vi ikkje vil kutte på enkelte stader, då har vi ikkje kontroll over kvar kutta kjem, seier styreleiaren.