Gå til sidens hovedinnhold

Vil sjå på trafikktala for Bremanger-
sambandet

Artikkelen er over 16 år gammel

Vegvesenet skal gjere ei spørjeundersøking for å få fram så gode trafikkprognoser som råd er for Bremangersambandet. Desse prognosene får betydning for ferdigstillinga av prosjektet.

I følgje siste måling som er gjort, køyrer 150 bilar i døgnet gjennom den undersjøiske Skatestraumstunnelen som vart t opna i 2002. Saman med to andre tunnelar og ei bru over Rugsundet knyter den Bremangerlandet med sine rundt 1700 innbyggjarar til fastlandet. Bremangersambandet er i lokal målestokk eit kjempeprosjekt som kosta rundt 325 millionar kroner, men hittil har effekten av sambandet vore mindre enn optimistane hadde håpa. 150 bilar i døgnet, det vil seie seks-sju køyretøy i timen, er også i underkant av prognosene som vart gjort i 1989 og låg til grunn for prosjektet.

Meir når vegen er ferdig

- Dette er litt mindre enn venta, men så er jo heller ikkje Bremangersambandet på langt nær ferdig. Den dagen vil nok også trafikken auke, seier Gunnar Søderholm i Statens Vegvesen.

Når heile Bremangersambandet er realisert, vil trafikken gå på opprusta veg frå Kolset til Bortne og derfrå til kommunesenteret Svelgen via tunnel frå Bortne til Langesi. Først då vil Bremangersambandet kunne ha den effekten for lokalsamfunnet som optimistane hadde håpa på. Men det er i alle fall eit prosjekt som ligg eit stykke inn i framtida, og i mellomtida må trafikken gå langs dårleg, smal og svingete veg til Kolset. Og slik vil det vere i lang tid enno, sjøv om dåverande Bremamger-ordførar Einar Kjereseth optimistisk nok trudde på ei ferdigstilling innan 2010.

Folk frå Vegvesenet som vi har snakka med sine folk reknar i alle fall med ti nye år, det vil seie tidlegast i 2014.

Bompengar og ferjekutt

Trafikkprognosene som skal utarbeidast blir derfor spennande lesnad for dei som ivrar etter å få fullført prosjektet. Trafikkmengda får sjølvsagt konsekvensar for finansieringa. Det kan bli aktuelt å byggje den nye Langesi-tunnelen med bompengar, og også ferjesambanda får merke endringane. Ferja mellom Kjelkenes og Smørhamn blir lagt ned når sambandet er ferdig, og dei to ferjestrekningane i nord Isane_Stårheim og Oldeide_Måløy blir erstatta av eit ferjesamband. Eit nytt ferjesamband til erstatning for dei to sistnemde er blitt drøfta men ikkje blitt gjennomført.