Vil seie frå om kva dei meiner

Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Tre unge jenter arrangerer demonstrasjon i dag

DEL

– Vi er urolege for kva som kan skje med fjorden vår. Vi er eigentleg ikkje mot gruvedrifta, men vi er mot av avfallet skal dumpast i fjorden, seier Silje Rysjedal (15).

Vil seie frå

– Det var venninnene mine, Charlotte Alice Larsen og Andrea Ålen som først snakka om å få markert kva vi meiner. Så vart også eg med, og vi oppretta ein event på Facebook. Vi har invitert mange, og har også fått mange positive tilbakemeldingar, seier Silje.

Dei tre unge jentene har også involvert klassekameratar i 10. klasse, og også i 9. klasse ved Gjelsvik skule.

Der skal det i ettermiddag vere eit felles kommunestyremøte mellom politikarane i Askvoll og Naustdal med informasjon om Engebøprosjektet.

– Det er vår framtid

Ungdommane i Gjelsvik har laga plakatar, der det mellom anna står: Nei til øydelegging av Førdefjorden! Tenk på oss! og Framtida vår!

– Vi fryktar for konsekvensane. For at det vil gå ut over oss som skal bu her i framtida, seier Silje Rysjedal.

Ho seier dei har lært litt om kva konsekvensar dumping av masse i Førdefjorden kan få, og om kor lenge det kan få konsekvensar for fjorden.

– Vi er redde for at fisken og heile miljøet i fjorden blir øydelagt. Og at den fantastisk fine fjorden vi har skal bli grumsete og skiten, seier Rysjedal.

Får støtte

Dei tre jentene har fått mykje støtte på Facebook etter at dei la ut invitasjon til demonstrasjonen der.

– Vi har fått 43 påmelde, men veit sjølvsagt ikkje om dei kjem alle saman. Vi håpar at også vaksne, både frå vår bygd og andre stader stiller opp. Vi veit at nokre vaksne kjem og har med små born, for å vise at dette dreiar seg om framtida til fleire generasjonar, seier Rysjedal.

Åshild Hestvik Grytten er ei av dei vaksne som kjem til å stille.

– Eg synst dette er eit veldig godt initiativ. At det er dei unge som har teke initiativet til dette er flott. No må også vi som er vaksne møte, og vise kva vi meiner, seier Hestvik Grytten.

– Vi oppfordrar alle som vil vere med, også folk frå andre stader, om å møte på Gjelsvik skule klokka 16.00, seier initiativtakarane.

Artikkeltags