Vil politimelde Førde kommune

SKUFFA: Maria Evensen i Fredskirken føler seg trakka på av Førde kommune. Foto: Bent Are Iversen

SKUFFA: Maria Evensen i Fredskirken føler seg trakka på av Førde kommune. Foto: Bent Are Iversen Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Kjenner seg diskriminert etter tomtetildeling.

DEL

– Kommunen har ført oss bak lyset. Eg har to, kanskje tre gonger, spurt kommunen om tomt til eit kyrkjebygg, men alle gongene blitt avvist med at kommunen ikkje har tomter til verken til det eine eller andre kyrkjesamfunn, seier leiar for Fredskirken i Førde, Maria Evensen.

– Dette har eg slått meg til ro med og tenkt at eg ville bli nøydd til å leite på den private marknaden.

Frustrert

– Så ser eg i Firda sist fredag at kommunen har tildelt tomt til muslimane på Hafstad. Då blir eg frustrert, skuffa og opplever det som eit anstøt. Dette er rein diskriminering av dei kristne, seier Maria Evensen.

Ho fortel at ho til og med har tilbode seg å komme bort på kommunen med teikningar av det planlagde kyrkjebygget, men den ho snakka med, svara at det ikkje var vits, for det fanst ikkje tomter til slike føremål.

– Eg fortalde at eg hadde høyrt rykte om at muslimane skulle få tomt, men dette vart avvist, hevdar Evensen.

Vert diskutert

No føler ho seg lurt og diskriminert, og seier dei vurderer å melde kommunen til politiet.

– Eg vil først diskutere det med resten av meinigheita, men dersom ikkje kommunen kjem opp med eit reelt tilbod til oss også, så er det mykje mogeleg at vi går til politiet. Vi kristne kan ikkje lenger finne oss i å bli trakka på.

– Muslimane blir ikkje lenger diskriminerte. Den tid er forbi. Det er vi kristne som ikkje blir aksepterte, vi blir håna, forfølgde og diskriminerte. Trenden over alt er at muslimane går føre oss nordmenn, seier Evensen.

Ei tomt

– Men er det ikkje heilt rimeleg at muslimane endeleg får ein stad å utøve sin religion i Førde?

– Ifølgje norsk lov er det religionsfridom i Norge, og såleis kan eg ikkje seie at ikkje muslimane skal få ein moské. Men religionsfridommen gjeld tydelegvis alle andre regionar ein dei kristne. Eg blir indignert når vi blir behandla slik, seier Evensen som understrekar at ho ikkje har noko imot den enkelte muslim.

– Eg har muslimar i familien, og muslimske venner. Muslimane har full rett til å søkjer om tomt, men det må vi også ha, seier Evensen som no vil ta kontakt med kommunen på nytt for å prøve å komme til semje.

– Vi står utan lokale etter at vi miste det vi hadde for eitt år sidan. Utan lokale har vi ingen stad å samlast, seier Maria Evensen.

Ikkje høyrt

Korkje rådmannen eller ordføraren kan hugse å ha høyrt om at Fredskirken har vore på jakt etter tomt til trussamfunnet sitt.

- Dette er heilt ukjent for meg, seier rådmann i Førde kommune, Håkon Fimland.

Artikkeltags