Vil ha Wordfeud på nynorsk

Vebjørn Sture, påtroppande leiar i Norsk Målungdom, meiner Wordfeud bør komme på nynorsk også.

Vebjørn Sture, påtroppande leiar i Norsk Målungdom, meiner Wordfeud bør komme på nynorsk også.

- Får stor appell i nynorskmiljøa.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Landsmøtet i Norsk Målungdom sist helg gav klart uttrykk for at det er på tide å la nynorskbrukarane få spele Wordfeud på sitt eige språk.

I ei fråsegn påpeiker landsmøtet også at både bokmåls- og nynorskelevar vil dra fordel av eit slikt tilbod.

Pedagogiske gevinstar
- Nynorsk- og bokmålselevar har det til felles at dei ser for lite nynorsk rundt seg i kvardagen. Wordfeud på nynorsk vil vere ein enkel og morosam måte å lære seg nynorsk på, uansett kva den enkelte eleven har som hovudmål, seier Vebjørn Sture (24), påtroppande leiar i Norsk Målungdom (NMU).

Han har sjølv vakse opp med bokmål som hovudmål, og er sikker på at ei nynorskutgåve av Wordfeud vil gje store pedagogiske gevinstar.

- Mange elevar, særleg dei med bokmål som hovudmål, møter ikkje nynorsken stort andre plassar enn i norsktimane på skulen, seier Sture.

Trur det vil vere lønsamt
Den nyvalde NMU-leiaren trur også ei nynorskutgåve av Wordfeud vil vere lønsamt for spelskaparen, Wordfeud-gründer Håkon Bertheussen.

- Wordfeud på nynorsk vil utvilsamt ha stor appell i nynorskmiljøa. I tillegg kjem alle dei potensielle kundane som i utgangspunktet er bokmålsbrukarar, men som vil ha Wordfeud på nynorsk for å øve seg i det, seier Sture.

Artikkeltags