Styret i Kystvegen Ålesund - Bergen har fem spørsmål til dei politiske partia som stiller lister ved kommune- og fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane.
- Kystvegen er det siste gjennomgåande vegsambandet som heilt manglar i Sogn og Fjordane. Kystvegen vil bli ein kraftig stimulans for næringsliv og busetnad i kystkommunane og knyte Sogn og Fjordane saman med dei sterke industrimiljøa i nabofylka, skriv styret i Kystvegen i eit innlegg på Firda si valsone Val 2011 Fylkestinget.
Her kan du lese heile innlegget og leggje inn din kommentar.
Styret i Kystvegen meiner det er rimeleg at fylkeskommunen prioriterer kystvegregionen og kystvegen når det gjeld fylkesvegmidlar.
Dette er spørsmåla dei stiller til alle dei politiske partia i Sogn og Fjordane:
1. Er ditt parti samd i at Kystvegen er det viktigaste av dei fylkesvegar som endå manglar i Sogn og Fjordane?
2. Er ditt parti villig til å prioritere kystvegen i komande planperiode?
3. Vil ditt parti prioritere ei fylkeskommunal løyving som vil gjere det mogeleg med ei delvis brukarfinansiert realisering av kystveg mellom Florø og Måløy?
4. Vil ditt parti medverke til å realisere eit samband over Førdefjorden så snart som råd etter at Dalsfjorbrua er på plass?
5. Alle løyvingar til riksvegar vil i komande år gå til E39 og riksvegar aust for E39. Ingen riksvegmidlar kjem i kystkommunane. Er ditt parti einig i at det rimeleg at kystregionen no vert prioritert når det gjeld løyvingar til fylkesvegar?