Vil ha rådhus i nedlagt kjøpesenter

Frank Willy Djuvik vil på bystyremøtet i dag leggje fram forslag om at Førde kommune kjøper det fråflytta butikkbygget Førde Storsenter og byggjer det om til rådhus.

Frank Willy Djuvik vil på bystyremøtet i dag leggje fram forslag om at Førde kommune kjøper det fråflytta butikkbygget Førde Storsenter og byggjer det om til rådhus. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Frp-Djuvik kritisk til reknestykke og lang saksliste

DEL

Framstegspartiet vil på bystyremøtet i dag leggje fram forslag om at Førde kommune kjøper Førde Storsenter og innreiar det til rådhus.

Halve prisen

– Eg trur det kan gje kommunen rådhus til halve prisen i forhold til planane i Sentrum sør, seier bystyrerepresentant Frank Willy Djuvik.

Storsenteret ved småbåthamna står framleis tomt etter at ICA og andre butikkar la ned.

– Om målsetjinga er betre arbeidsmiljø og større lokale, så bør kommunen kjøpe dette bygget. Prislappen i dagens marknad kan tenkjast å liggje på 60-70 millionar kroner, og med innreiing og oppussing for 30 millionar blir prisen den halve av 200-millionarsbygget til rådmannen, seier Djuvik.

– I tillegg vil vi få eit bygg med universell utforming som betyr at alle kan bruke bygget på like vilkår, påpeikar Frp-representanten og viser til rulletrappene som sikrar alle like tilgang til etasjane. Det meiner han ikkje er tilfelle i rådhuskvartalet fordi løysingane der er trapper og heis.

Kalkylar

Djuvik hevdar Frp i dag vil leggje fram kalkylar som viser at rådhuset på sørsida av sentrum kjem til å koste meir enn det som er lagt fram frå rådmannen si side. Difor meiner han saka i det minste bør utsetjast.

– Eg meiner ein god del opplysningar manglar i rådmannens reknestykke. Eg har full forståing for at politikarar har bestemt seg for å byggje rådhus, men dei bør ikkje vere så uansvarlege at dei gjer det før vi har alle fakta på bordet.

Altfor mange saker

Framstegsparti-representanten er elles sterkt kritisk til at ordførar Gjerland legg fram 15 saker på dagens bystyremøte, fleire av dei store og tunge.

– Vi har under ei veke på å setje oss inn i alt, dette er ikkje forsvarleg sakshandsaming. Rådhussaka og kanskje fleire andre bør utsetjast.

– På sakslista står også to reguleringssaker, finansieringa og detaljplanlegging av Hafstad Idrettspark og kanskje den viktigaste, forvaltningsrevisjonsrapporten som åleine er på 58 sider.

– Dei som sit i formannskapet kjenner kanskje sakene godt nok, men alle skal ha høve til å førebu seg skikkeleg, seier ein kritisk Frank Willy Djuvik.

Artikkeltags