Vil ha 20.000 i vrakpant

Høgrepolitikar Jacob Nødseth tek til orde for å auke vrakpanten til 20.000 kroner.

Høgrepolitikar Jacob Nødseth tek til orde for å auke vrakpanten til 20.000 kroner. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

- Norge har ein av Europas eldste bilparkar, og då seier det seg sjølv at det ligg ein stor miljøgevinst i å sjalte ut dei aller eldste bilane, seier Jacob Nødset (H).

DEL

I Høgre sin nyleg framlagde alternative transportplan vil partiet ta fleire grep når det gjeld avgifter for å fornye bilparken og få inn bilar som er mindre forureinande.

- Vrakpanten for dei eldste og mest forureinande bilane skal auke til opp mot 20.000 kroner. Det er grep som er prøvd med hell i Tyskland, seier Nødseth til Firda.

Høgre vil også krevje at kommunale, fylkeskommunale og statlege bilar går på CO2-fritt eller COS-nøytralt drivstoff innan 2014.

Partiet vil også krevje det same av nye drosjer, ferjer, rutebåtar og dieseltog innan utgangen av 2011.

Artikkeltags