Vil gjere hasj lovleg

Venstres fylkespartileiar Marit Barsnes Krogsæter (til venstre) stør Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatns mål om å avkriminalisere bruken av cannabis. I midten Frank Willy Djuvik (Frp) og Noralv Distad (H) (arkivfoto)

Venstres fylkespartileiar Marit Barsnes Krogsæter (til venstre) stør Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatns mål om å avkriminalisere bruken av cannabis. I midten Frank Willy Djuvik (Frp) og Noralv Distad (H) (arkivfoto) Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Venstres fylkespartileiar Marit Barsnes Krogsæter stør Sveinung Rotevatns mål om å avkriminalisere bruken av cannabis.

DEL

Torsdag skreiv Firda om leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn, som meiner at politi og behandlarar har ei forelda haldning til hasj.

- Hasj er ikkje ufarleg, men aller farlegast er kriminaliseringa av den, sa Rotevatn, som meiner at ungdommane som Firda nyleg intervjua rundt sin hasjbruk, har rett på dette punktet.

Bakgrunn:

Unge: - Difor vel vi hasj

Les også:

- Jo, hasjen er farleg

Meiner hasj-ungdom lurer seg sjølv

Støttar Rotevatn

No får leiaren i Unge Venstre støtte frå fylkesleiar i Venstre, Marit Barsnes Krogsæter.

Krogsæter strekar sterkt under at ho ikkje er for noko frislepp av hasj og marihuana, men seier at ho i det store og heile deler dei synspunkta leiaren i Unge Venstre målbar i torsdagsutgåva av Firda.

Krogsæter er den første fylkespartileiaren i Sogn og Fjordane som tek til orde for ei slik legalisering.

- Men det må takast gradvis og gjennomtenkt. Å selje cannabis gjennom apotek, slik Sveinung Rotevatn snakkar om, er kanskje måten å gjere det på, seier Venstres fylkespartileiar og fylkestingsmedlem.

- Mislykka narkotikapolitikk

Så langt, har den norske narkotikapolitikken mislukkast, meiner Krogsæter.

- I staden for å få bukt med problemet, har vi fått ei stigmatisering av folk som brukar narkotika. Vi må få fram menneskeverdet og gi folk med narkotikaproblem skikkeleg oppfølging, behandling og hjelp, seier ho.

Fylkesleiaren er ikkje sikker på at det nødvendigvis blir fleire brukarar, om ein avkriminaliserer bruken av stoffet. Ho trur at dei som i dag vil ha tak i cannabis, får tak i det.

- Sjølv om politiet gjer ein bra innsats, viser det seg at dei ikkje får bukt med problemet, seier Krogsæter.

Uroa over Venstre

- Det uroar meg at Venstre legg seg på eit slik line i ruspolitikken. Venstre er no på veg til å bli vel så liberalistisk som Frp i ein del saker, seier KrFs fremste fylkespolitikar, Trude Brosvik.

Ho meiner det er ein rein illusjon å tru at legalisering av hasj skal gjere bruken av stoffet mindre.

Ho meiner det er heva over kvar tvil at bruken vil auke, di lettare det blir å få tak i stoff. Forskinga viser at det er avgrensa tilgang og auka pris som får bruken ned, seier ho.

- At hasj er ulovleg, hindrar ein del søkande ungdom i å starte med cannabis. Liberaliseringa vil bli ein negativ spiral både for einskildmenneske og for samfunnet, seier Brosvik.

Artikkeltags