Vil frelse heile Førde

Ørnulf Nandrup i Kristent Samlingsparti , ber om at Førde blir frelst.

Ørnulf Nandrup i Kristent Samlingsparti , ber om at Førde blir frelst. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

– Eg vil ha kristendommen tilbake i samfunnet. Eg ber om at søner, døtrer, og alle i Førde blir frelst!

DEL

Forkynnar og landsformann i Kristent Samlingsparti, Ørnulf Nandrup, saman med fleire andre, heldt flammande innlegg under stormøte om «avkristninga» av Norge i Førdehuset torsdag kveld. Dette til gjentakande «Amen» frå folk i salen.

Førde som ein meinigheit

Det var Komiteen mot avkristning av Norge (KAN) som stod som arrangør, og samla kring 70 publikummarar i Førde.

Nandrup seier Norge må tilbake til Jesus Kristus, og fekk solid støtte frå partifelle i Kristent Samlingsparti, Anne-May Hogsnes.

– Eg engasjerer meg fordi eg ser at samfunnet vårt er i ferd med å bli avkristna. Eg høyrer Nandrup seie at Førde bør bli ein stor meinigheit. Men då må born få lære om Jesus ein stad, seier Hogsnes, som tok føre seg temaet avkristning i skulen og institusjonar.

Homofili og skuleverket

– Kva er det som skjer med skulen vår, spurde Hogsnes, under møtet.

Ho seier at i løpet av relativt kort tid har kristendommen forsvunne ut av opplæringa. Faget kristendom, religion og livssyn (KRL) er blitt til religion, livssyn og etikk (RLE).

– Eg meiner kristendommen er blitt usynleg. Ifølgje skolenettet.no, består RLE av å lære om andre religionar. Der er også rom for «lokale variasjonar» i opplæringa. Slik eg tolkar det, er det altså opp til kven som underviser kor mykje kristendom borna våre får lære, sa Hognes som kalla dette «effektiv avkristning».

– Homofili er blitt ein del av opplæringa. Så kjem dei homofile med alle sine rettar, sa ho og nemnde adopsjon som eksempel.

– Nei, mi tru er ikkje slik. Det er mann og kvinne som skal vere saman, sa Hogsnes.

Kjenner seg diskriminert

– Etter at eg deltok i ein debatt om homofile ekteskap gjennom Tønsbergs Blad, kom der mange negative reaksjonar på nettet mot meg. Snart er det slik at vi kristne blir diskriminert og mobba.

Hogsnes meiner løysinga er å få fleire kristne inn i politikken. Ho ønskjer omkamp på ekteskapslova, og kjempe for eit kristent Norge.

– Jesus er lik tryggleik. Det å vite at han finst, sa Anne-May Hogsnes i Kristent Samlingsparti.

Men ved stortingsvalet 2009 var Sogn og Fjordane og Hedmark dei einaste fylka partiet ikkje stilte med liste.

Misfoster og bastard

Også sjefsredaktør i Norge i Ddag Finn Jarle Sæle deltok på møtet. Han trur kristendommen kjem sterkt tilbake i Europa.

Misjonær Dr. Norvald Yri heldt fokuset på ekteskap og Bibelen, der han drog fram at det er mann og kvinne som skal leve saman i ekteskap.

– Der er press frå grupper i samfunnet som bevisst vel å leve i mot Bibelen og det naturlege, sa han og kalla den nye ekteskapslova i Norge, som er kjønnsnøytral, både misfoster og bastard. Han bad også sambuarpar om å snu og gå over til å leve i det han kalla «ordna former».

Artikkeltags