Vil du kjøpe ein holme?

Steinsundholmen i Indre Steinsund i Solund er no til sals.

Steinsundholmen i Indre Steinsund i Solund er no til sals. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Det er eit ferieparadis utan like, det finst ikkje maken i heile Sogn og Fjordane, seier seljar Stig Ottesen.

DEL

Stig Ottesen har vore eigar av Steinsundholmen i 12 år. I løpet av denne tida har han rusta opp tre av dei fire bygningane til det han ser som den perfekte feriestaden.

Likevel legg han no eigedommen ut på den frie marknaden.

– Det er klart det er vemodig, men det krev ein del krefter å halde staden ved like. Eg må berre innsjå at eg er i ferd med å verte gammal, seier Ottesen.

Sild og brennevin

Steinsundholmen har ei lang historie.

Frå 1675 har det vore drive kremmarhandel, gjestehus, postopneri. smie, sildesalteri og brennevinutsal på den vesle holmen.

– Jektene låg i nabovika og venta på god bør for å krysse Sognefjorden. Då tente Steinsundholmen som kvilestad og overnattingsstad for sjøfolket, fortel Ottesen.

Håpar på bodkrig

Den særprega idyllen i Solund ar ikkje gått potensielle kjøparar hus forbi.

– Sidan annonsen vart lagt ut fredag har 12 personar meldt si interesse for staden. Det blir spanande å sjå kor mange som melder seg til visning søndag, seier meklar Stian Nilsen hos Privatmeklaren.

Prisantydinga på holmen er knappe tre millionar, men meklaren håpar prisen vil ende høgare enn dette.

– Ut frå den interessa vi har sett til no ligg det an til ein god bodrunde, seier Nilsen.

Artikkeltags