Vil bruke fondsmidlar til Dingja-vegen

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Gulen-ordførar Trude Brosvik (KrF) ser føre seg å bruke fondsmidlar for å finansiere dei sju millionar kronene Gulen må stille opp med for å få bygd vegen mellom Dingja og Sollibotn.

DEL

Den private delen av finansieringa, på 3,2 millionar kroner, skal ifølgje Brosvik vere sikra gjennom eit lån frå Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK). BKK skal ikkje skal ha kravd garanti for lånet.

-Om Gulen kommune klarer sin økonomiske del, blir først avklara i kommunestyremøtet den 20. desember. Men alternativet eg ser, er å bruke fondsmidlar vi har ståande etter den siste emisjonen med BKK, seier Gulen-ordføraren, kvelden før fylkestinget avgjer om fylkeskommunen skal stille sine 12 millionar kroner, eller hoppe av i det sanden renn ut av timeglaset.

Prosjektet har nemleg kome så langt at entreprenør Magne Hope A/S er klar til å byggje vegen, dersom finansieringa kjem på plass. I fylkestinget var det i går kveld fleirtal for å seie ja, etter at Senterpartiet hadde vakla til og frå, men til slutt kom til at dei måtte stå ved lovnadene som var gitt til Gulen tidlegare.

Har haldningane i fylkestinget snudd i løpet av natta, og fleirtalet røystar mot, er vegprosjektet dødt.

På spørsmål om Gulen, med sin svake økonomi, kan rekne med at fylkesmannen vil godkjenne bruken av fondsmidlar til veginvestering, svarar Brosvik:

-Vi får ta ein ting i gongen.

Artikkeltags