Vil boikotte Førde-butikkar

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Sjukehusaksjonist vil ha nordfjordingane og sogningane med seg i kampen

DEL

- Boikott Førde, meiner sjukehusforkjempar Torstein Fure frå Stadlandet.

I eit lesarinnlegg i dagens Firda tek han til orde for at alle som kjempar for sjukehusa sine må kjempe for lokalsjukehusa på alle frontar.

Eit verkemiddel " når folkevalde og byråkratar sviktar oss" er å bruke kjøpekrafta si fritt.

- Vi har også fritt sjukehusval. Inntil vi har garantiar for at vi får behalde lokalsjukehusa våre oppmodar eg alle nordfjordingar og sogningar til å boikotte handelstanden i Førde.

Ved ein slik boikott vil også Sunnfjordingane føle på kroppen at vi treng likeverd i heile fylket! Til folk i Sunnfjord vil eg sei: «Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv». skriv Fure.

- Det treng ikkje gå lang tid før ledelsen i HF blir uglesett kor enn dei snur seg, skriv han og legg til at han unner alle sunnfjordingar eit godt helsetilbod på lik linje med resten av fylket.

Artikkeltags