Eg har sett søkjarlista, og er ikkje skremd av det eg ser. Så no har eg bestemt meg for å kjempe om stillinga. Det gjer eg i første omgang med å sende ein meir utfyllande søknad. Den første var kanskje litt korfatta, seier fiskeskipperen som det siste året har budd på Sande.
Godt kvalifisert
Rosenkrone meiner han er godt kvalifisert til å bli Sylfest Lomheim sin etterfølgjar.
Eg har reist mykje og er godt kjend med norske dialektar, mange av dei svært fine og vel verdt å ta vare på, seier Rosenkrone.
Han innrømmer at han ikkje er professor i språk, men fortel at han har tre års studium ved universitetet i Newcastle.
Der studerte eg engelsk språk og språkhistorie. Dessutan har eg vore restaurantsjef i ti år på ein av restaurantane om bord i «Queen Elisabeth». Der hadde eg personalansvar for folk frå ulike nasjonalitetar. Og båten hadde eit mannskap på 1000 menneske frå 23 nasjonar, så det var ei utfordring i seg sjølv å manøvrere seg gjennom det, seier Rosenkrone.
Svært interessant jobb
Kvifor søkjer du stillinga?
Det må vere ein svært interessant jobb, og ein må henge på i svingane med å profilere begge språka, både nynorsk og bokmål, og spesielt for Sogn og Fjordane er dialektane viktig å ta vare på. Dessutan er eg nygift og ser at ein slik jobb er meir familievennleg enn den jobben eg har no, seier mannen som opphavleg kjem frå Rosendal i Hardanger.
Måndag kveld set fiskebåten kursen mot fiskebankane vest i havet der målet er å fiske lange og brosme.
Kvifor bør du få jobben?
Fordi eg er best. Eg har reist utruleg mykje rundt om i landet, seier mannen som også budde fem år i Florø frå 1981.
Blir du skuffa viss du ikkje får jobben?
Det blir eg ikkje. Men når eg ser at Statsministeren ikkje har søkt skal eg sende ein meir utfyllande søknad. Viss han hadde søkt var det liten vits, han er nok betre kvalifisert, seier skipperen.
Ein må henge på i svingane med å profilere begge språka, både nynorsk og bokmål
Kim Bjarne Rosenkrone