- Viktig nasjonal miljøsak

ENGASJEMENT: Mange møtte opp til markeringa i Vevring fredag ettermiddag. Ola Elvestuen (t.v.) og Sveinung Rotevatn, begge stortingsrepresentantar for Venstre, varslar at deira parti er imot fjorddeponi.

ENGASJEMENT: Mange møtte opp til markeringa i Vevring fredag ettermiddag. Ola Elvestuen (t.v.) og Sveinung Rotevatn, begge stortingsrepresentantar for Venstre, varslar at deira parti er imot fjorddeponi. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Leiar i Natur og Ungdom trur saka mot fjorddeponi er mogleg å vinne

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Fredag ettermiddag var det dekka opp med innbydande sjømat ved kaia i Vevring i Naustdal kommune. Anledninga var ei markering av motstanden mot fjorddeponi i Engebø-saka, der fleire heldt appellar.

– Med maten syner vi kor reint det er i fjorden, og kva verdiar Førdefjorden er smekkfull av, seier Laila Claussen (43). Ho er busett i Vevring, og tykkjer det er urovekkjande om arbeidsplassar skal setjast føre miljø.

– Det snakkast mykje om kva verdiar som kan skapast, men ikkje om kva verdiar som kan gå tapt med gruvedrift og fjorddeponi, seier Claussen. Ho tykkjer det er egoistisk å sende rekninga vidare til neste generasjon.

Viktig nasjonal miljøsak

Også leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre (22), er oppteken av at det må tenkast langsiktig når ein skal ta stilling til fjorddeponi.

– Vi må ikkje tenke på i dag og 50 år framover. Vi må tenke generasjonar framover, seier Vestre. 22-åringen påpeikar at dette er ei viktig nasjonal miljøsak, som vil kunne sette presedens for framtidige liknande saker.

– Vi må ta vare på dei fjordane vi har, og ikkje dumpe gruveavfall i dei, seier Vestre. Ettersom den borgarlege regjeringa har opna for fjorddeponi, er han klar over at dei politiske oddsa ikkje er på hans side.

– Men eg trur likevel det er ei sak som er mogleg å vinne. Det at debatten vert nasjonal, vil kunne få regjeringa til å forstå at fjorddeponi er gale.

Venstre er imot fjorddeponi

Markeringa vart stelt i stand i samband med at mellom anna to stortingsrepresentantar frå Venstre, Ola Elvestuen (47) og Sveinung Rotevatn (27), var med på ei synfaring i Førdefjorden og på Engebøfjellet.

– Eg var ikkje klar over omfanget for fjorddeponi før dagens synfaring. Det er ikkje vanskeleg å ta standpunkt i saka, seier Elvestuen, som er leiar i Energi- og miljøkomiteen i Stortinget. Han og Venstre er ikkje i mot gruvedrift, men partiet ønskjer ikkje fjorddeponi.

– Livet i fjorden må vere viktigare enn profitt, seier Elvestuen.

Artikkeltags