Gå til sidens hovedinnhold

– Viktig å bygge ut småkraftverk

Artikkelen er over 7 år gammel

Leon Årdal frontar småkraftutbygginga i Kupekraft i Årdalen. Og har støtte frå heile bygda i arbeidet med å realisere planane.

– For lokalsamfunnet er dette ei viktig utbygging. Den kan sikre at folk blir buande og gje bøndene fleire bein å stå på, seier Årdal.

Alle 30 grunneigarar i grenda er med på den planlagde utbygginga mellom Stegsvatnet i Kupa og Legestøylen. Utbygginga er eitt av sju småkraftprosjekt i Jølster og Gloppen som NVE no har sendt ut på høyring. Utbyggingar som til saman gir nok straum til 6000 husstandar viss dei blir realisert. Men for å nå dit må dei få konsesjon – og utbyggingane til totalt 354 millionar kroner må finansierast opp.

I landskapsvernområdet

Det største enkeltprosjektet er signert 30 grunneigarar i Årdalen. Dei vil satse på 84 millionar kroner på ei utbygging frå Stegsvatnet i Kupa til Legestøylen, 438 høgdemeter lenger nede, inst i Årdalen. Utbygginga gir ein kraftproduksjon på 30 GWh og forsyner åleine rundt 1500 husstandar.

Dette er truleg også det mest konfliktfylte prosjektet fordi inntaket er lagt til utløpet av Stegsvatnet, og dermed går nokre meter over grensa til Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. I søknaden er det skissert eit alternativt inntak 150 nedanfor utløpet frå vatnet.

– Vi veit det er omstridt å gå over den grensa, og er avhengig av å få dispensasjon. Men eit inntak i vatnet vil ikkje bli synleg når utbygginga er ferdig. Må vi flytte inntaket lenger ned vil det medføre naturinngrep som blir synleg, seier Årdal, fullstendig klar over at området er eit populært turområde, og den mest brukte innfallsporten til landskapsvernområdet. Det er også grunnen til at røyrgata blir lagt i ei sløyfe på venstre side av stigninga opp mot Stegsvatnet. Då kjem den ikkje i konflikt med turstien.

– Kraftprisane er spådde låge i framtida. Ei ei slik utbygging økonomiske forsvarleg?

– Det må vi vurdere viss vi får konsesjon, men det er klart at mykje er endra sidan søknaden vart sendt i 2008. For oss blir bankens krav til eigendel svært viktig, seier Årdal.

Utbygging nummer tre

Han har leia to kraftutbyggingar i Årdalselva tidlegare. Først ute var Meierifossen kraft, eit anlegg som stod klart i 2008, for tidleg til å få grøne sertifikat.

– Dermed miste vi rundt 750.000 kroner av pårekna inntekter, og sjansen til å ta ut utbytte ligg langt fram i tid, seier han.

Lenger oppe i vassdraget ligg Ågjølet kraftverk, også det grunneigareigd.

– Konsesjonsbehandlinga er lovd ferdig i år. Då har vi tid til vere i gang med ei eventuell utbygging tids nok til å nå fristen for å få grønt sertifikat. Den er i 2020, seier Leon Årdal.

Ber om samla vurdering

NVE har sett høyringsfristen til 2. mai. Totalt sju småkraftprosjekt er med i høyringsrunden.

Seks av dei er heimehøyrande i Jølster, medan det sjuande er lokalisert i Kandalen i Gloppen. At så mange kjem samstundes skuldast mellom anna at dei har lege på vent på grunn av manglande linjekapasitet. Det er løyst med bygging av kraftlinja mellom Ørskog og Fardal.

At utbyggingane ligg nærme kvarandre geografisk er også ei årsak, ifølgje NVE:

– Søknadene skal handsamast samstundes, og samla belastning for området skal vurderast, skriv NVE i breva til dei som er med i høyringsrunden. Dei blir også bedne om å vurdere søknadene kvar for seg.

Ingen blir overraska om dei to utbyggingane i Stardalen blir omstridde.

Der er det søkt om utbygging av Åmotselva – frå Haugastøylen til Åmot – eit fall på 330 høgdemeter. Utbygginga er omsøkt i to prosjekt:

Driva kraftverk, med inntak ved Haugastøylen, eit steinkast unna grensa for Jostedalsbreen nasjonalpark, og Åmot kraftverk, som mellom anna omfattar det mektige fossefallet Driva. Elva er ei breelv med høg vassføring i sommarhalvåret, utbyggarane legg opp til at den skal vere høg også etter utbygging.

Utbyggingane gir totalt 45 GWh og har ein totalkostnad på 144,3 millionar kroner.

Kommentarer til denne saken