Gå til sidens hovedinnhold

– Vi vil setje Angedalen på kartet

Artikkelen er over 8 år gammel

Difor arrangerer grendelaget Angedagen.

Det seier Rune Hegrenes på open dag i Angedalen.

Søndag lokka dei med "Alle som vil ha ein smak av det gode bygdelivet ti minutt frå Førde sentrum".

Sjå biletserie: Det gode liv i Angedalen

På skulen var det stands, grillmat, natursti, tipping av vekta på fenalår, loppemarknad, hestekyss og open gard. Det er grendelaget som står bak.

– Det har vore veldig mange frå Førde, utanfor dalen her. Det er tydeleg at det er interesse for dette, seier Hegrenes.

Aller helst vil dei lokke besøkjande til å busetje seg.

– Det er ein fin plass å vere og bu. Det er naturleg at Angedalen blir ein slags bydel slik Ulltang og Farsundfeltet har blitt. Vi vil ha Førde innover her, seier Hegrenes.

Støttar bygda
Inne i gymsalen sit Madeleine Indrebø (2,5) på golvet med ei bok. Saman med mor, Hilde Paulsen, er ho på loppemarknaden som begynner å bli tom ut på ettermiddagen.

– Vi må støtte opp om Angedalen. Vi må vise andre kor fint vi har det her, og kva vi kan lage til, seier Paulsen.

For Madeleine er det stas med samlinga av ungar og å møte dyra på open gard.

Vil ha meir
Terje Kristiansen frå Førde er på Angedagen med familien.

– Vi er for ungane sin del. Det er ikkje så ofte det skjer slikt, seier han.

Is og brus ser ut til å vere høgdepunktet for barna meiner han, i tillegg til open gard.

Kunne du tenkje deg å flytte til Angedalen?

– Nei, eg skal flytte til Sundsdalen, så det blir litt høgare opp. Men det er no ein dal det og, seier Kristiansen.

Det er første, men ikkje siste Angedagen skal ein tru Hegrenes.

– Eg trur absolutt vi må fortsette med dette.