Gå til sidens hovedinnhold

Vi vil ha lokalsjukehusa våre

Artikkelen er over 11 år gammel

Klar tale i fersk meiningsmåling. Men eit resultat overraskar stort.

Tre av fire i Sogn og Fjordane vil halde på dagens sjukehusstruktur med lokalsjukehus i Lærdal og Eid og sentralsjukehus i Førde.

Venta resultat

Dette viser ei meiningsmåling som ei meiningsmåling som Bergens Tidende presenterer. Målinga blei gjort samstundes med partimålinga avisa hadde fredag før stortingsvalet 14. september.

Ingrid Astor i Aksjonsgruppa for Førde sentralsjukehus synest ikkje meiningsmålinga viste eit uventa resultat.

-Nok pengar til alle?

– Det er ikkje rart at folk ønskjer å ha det slik det har vore, men då må det skaffast pengar til det. Spørsmålet er vel om alle sjukehusa kan haldast oppe? Når eg snakkar med folk, opplever eg at stadig fleire er i ferd med å få augo opp for at Sogn og Fjordane treng eit sterkt sentralsjukehus i Førde, seier Astor til BT.

SV mot straumen

Men ikkje alle dei spurde i meiningsmålinga er like positive til å behalde dagens sjukehusstruktur.

SV-veljarane er mest positive til tanken om eit sterkt sentralsjukehus i Førde. Kvar tredje SV-veljar støtta modellen med eit utbygd sentralsjukehus.

- Ein informasjonsjobb å gjere

Dette synest Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus er uventa.

– Eg er SV-ar sjølv og får nesten håpe det er ein statistisk feil. Men er det korrekt, har eg ein informasjonsjobb å gjere i mitt eige parti, seier Øien Hauge til Bergens Tidende.

Også fylkesleiar Heidi Kathrin Osland synest meiningsmålinga var uventa. Ho meiner forklaringa er at partiet står sterkt i Sunnfjord.

Veljarane til Venstre, Høgre, KrF og Senterpartiet er dei meste positive til lokalsjukehusa.